SIKKERT: Det eneste som er sikkert når man først er født, er at man skal dø. Jeg tenkte litt nærmere på det, av og til, men ikke så ofte, og ikke lenge, sa Kongen i forbindelse med at han fekk blærekreft. Foto: Lise Åserud / NTB

Kva kan vi lære av Kongens tilnærming til sjukdom?

Gjennom måten kongen har takla sjukdom og helseproblema sine på, har kongen vist seg som ein realistisk optimist, med ei stoisk haldning til livet.

Publisert Sist oppdatert
Lisbeth Homlong

Eg elskar kong Harald. Utover det så er eg ikkje spesielt rojalistisk anlagt. Vi kan gjerne drøfte overgang til republikk, spør du meg. Men kongen har ein spesiell plass i mitt hjarte. Eg er neppe åleine om det. Han er ein bra mann, rett og slett! Raus, inkluderande, klok og fornuftig.

Eg blei for alvor merksam på kongen og hans fine tilnærming til livet og sjukdomane han har hatt i samband med hypokonderlege Ingvar Wilhelmsens bok "Kongen anbefaler – holdninger for folket" som kom ut tilbake i 2006. Eg meiner det er vel verdt å trekke denne publikasjonen fram i lyset igjen.

Det har seg dessutan sånn at eg var til stades i turistbygda Geiranger siste helga i august, tett på både kongen og alt det andre som skjedde der, nærare bestemt bryllaupet mellom kongen si dotter prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett. Eg må få understreke at eg ikkje køyrde eins ærend heilt til Geiranger frå hovudstaden for å hylle brureparet. Så kongeleg interessert er eg ikkje.

Men heile farsslekta mi ligg gravlagt i denne vakre sunnmørsbygda, far min vart fødd der – ein dramatisk heimefødsel etter det eg har fått fortalt. Og kvar sommar i heile oppveksten ferierte eg hos farmora mi i det grøne huset rett nedanfor kyrkja – eit hus vi framleis eig. Eg har altså eit nært og personleg forhold til plassen og tok derfor turen til Geiranger denne helga for å kjenne litt på stemninga. 

Om ein tenker seg kongelege levereglar for god helse, er det lett å sjå for seg ein streng diett av kaviar og sjampanje, gjerne kombinert med daglege rideturar på kvite hestar. Men kong Harald, han er ikkje der. I motsetnad til prinsessa og sjamanen, så har kongen eit meir jordnært syn på helse og livsførsel. 

Gjennom måten kongen har takla sjukdom og helseproblema sine på, har kongen vist seg som ein realistisk optimist, med ei stoisk haldning til livet. Dette tek Ingvar Wilhelmsen for seg i boka nemnt over. Frå eit folkehelseperspektiv har alle og ein kvar noko lære. 

I samband med at kongen fekk blærekreft i 2006, vart han etter operasjonen spurt om han ikkje var redd for tilbakefall av kreften. Dette kunne han raskt avkrefte og han sa følgjande: 

«Jeg har nemlig den holdningen at jeg er frisk inntil det motsatte er bevist!» 

Vidare reflekterte han over døden: «Det eneste som er sikkert når man først er født, er at man skal dø. Jeg tenkte litt nærmere på det, av og til, men ikke så ofte, og ikke lenge». 

Han uttrykte også at han sjølvsagt var engsteleg i forkant av blæreoperasjonen, men at han hadde tillit til helsetenesta og at han stolte på dei som jobbar der og at dei kom til å gjere ein god jobb. 

Er det ikkje fint? Andre vil kanskje innvende at kongen er privilegert, at han har tilgang dei beste spesialistane i landet, og at hans situasjon ikkje kan samanliknast med oss vanlege – at det derfor er lettare for han. Dette er vektige argument, men eg trur at når det gjeld alvorleg sjukdom, så er vi menneske forbausande like trass stilling og rang. Vi blir sårbare og redde, og vi må med tillit legge livet vårt i hendene til legar og sjukepleiarar. Måten kongen tar dette på, han som har hatt både kreft, alvorleg hjartesjukdom og livstrugande infeksjonar, er eg imponert over.

Er dette noko å skrive om i Dagens medisin, er det kanskje nokon som tenker. Kongelege syslar og haldningar, eit privat bryllaup i Geiranger? Er det relevant? Kanskje ikkje. Men folket vil ha brød og sirkus. Og kongen synst bryllaupet var mykje kjekkare enn han hadde tenkt i forkant – det sa han i alle fall i eit intervju i samband med at han delte ut Kavli-prisen til våre fremste forskarar. Han tok sikkert for seg av det sunnmørske kakebordet og eg er sikker på at han han heldt ei klok, jordnær og humoristisk tale til si kjære dotter.

Eg les i avisa at sjaman Durek går i dialyse tre gongar i veka. Han har kronisk nyresvikt og treng ei ny nyre. Her må skulemedisinen trå til. No stuper oppslutninga om monarkiet, melder dei på Dagsrevyen. Kongen taklar det nok greitt, med si stoiske livshaldning. For Durek håper eg at han får ei ny nyre og for prinsessa håper eg at kjærleiken varer. Det unner eg kongen aller mest. 

 

Kjelder: 

Wilhelmsen, Ingvar. Kongen anbefaler – holdninger for folket. Hertervig forlag, 3. utg. 2007. 

Powered by Labrador CMS