ARBEIDSMILJØ: Eg skulle aldri ha funne meg i å bli skjelt ut på jobb. Og dei ansvarlege, leiinga ved sjukehuset, skulle tatt tak i dette, skriv Lisbeth Homlong. Illustrasjonsfoto: Getty Images.

Eg skulle aldri ha funne meg i å bli skjelt ut på jobb

For at legane også i framtida skal orke å stå i alt som legeyrket krev, må arbeidsinnsatsen dei legg ned bli verdsett.

Publisert
Lisbeth Homlong er spesialist i allmennmedisin og seniorrådgiver i Statens helsetilsyn

TURNUSTENESTA MI på eit mindre sjukehus nordpå for godt over 20 år sidan, som 27 år gamal nyutsprungen lege med lisens, var ei bratt læringskurve. På plussida kjem alt eg lærte av å få og ta ansvar, for stort og smått; alt som ramla inn på poliklinikken, visittgang på dei ulike sengepostane og ikkje minst vaktene, der vi turnuslegar var førsteinstans som skulle ta imot og vurdere alle akuttinnleggingar på kirurgisk og medisinsk avdeling døgnet rundt.

På minussida var tyngda av det store ansvaret, plassert på unge, urøynde skuldrar. Eg var redd for å ikkje vere god nok, for å dumme meg ut og eg frykta at pasientar skulle døy og at det var min feil. Heilt normale kjensler når du er fersk i faget. Men det forstod eg først seinare. Eg frykta også å bli skjelt ut av enkelte overlegar, som av ein eller annan merkeleg grunn meinte at kjefting var ein ok måte å møte unge kollegaer som trong råd og hjelp. Eg vegra meg for å ringe til desse og be om assistanse når eg stod med sjuke pasientar på kveld og natt. Noko som kunne ha fått alvorlege konsekvensar.

Framleis høyrer eg slike historier frå yngre kollegaer. Dessverre. Eg skulle aldri ha funne meg i å bli skjelt ut på jobb. Og dei ansvarlege, leiinga ved sjukehuset, skulle tatt tak i dette – men det skjedde aldri, sjølv om det var ålment kjent.

Eg frykta også å bli skjelt ut av enkelte overlegar, som av ein eller annan merkeleg grunn meinte at kjefting var ein ok måte å møte unge kollegaer som trong råd og hjelp.

TRYGG JOBB. Legar og anna helsepersonell er der for pasientane våre. Og pasientane skal ha tillit til at dei får trygg og god helsehjelp når dei treng det. For at det skal skje, så må det også vere trygt og godt for dei tilsette å jobbe i helsetenesta. Det er arbeidsgjevar som har ansvaret for å legge til rette for at legane skal kunne utføre jobben sin i tråd med faglege standardar, etiske prinsipp, lov og forskrift. Det inneber mellom anna tydeleg leiing, gode rutinar, forsvarleg vaktbelastning og eit godt, støttande arbeidsmiljø – alt dette handlar til sjuande og sist om pasientsikkerheit. Det er essensielt for å trygge at pasientane får forsvarleg behandling.

Legeyrket handlar om liv og død, alvorleg sjukdom og liding. Mange nok må tole det. Mange nok må orke dei lange vaktene, og arbeid gjennom helger, ferier og høgtider. I helsetenesta er det 24/7. Legeyrket er tøft, krevjande, ansvaret er stort. Dette kan vi ikkje ta bort. Korleis let dette seg foreine med at stadig fleire legar tilsynelatande ikkje ønskjer seg dette lenger? Dei unge legane i dag ser ut til å ville jobbe stadig mindre. Behov for fritid og ferie ser ut til å ta meir og meir plass. Det er forventningar om at det skal leggast til rette for mange slags individuelle behov. Legeyrket er for mange ikkje ein del av identiteten lenger, som det var før. Fleire ønskjer seg deltidsstillingar i småbarnsfasen. Fleire ønskjer legestillingar utan vaktbelastning og ugunstige arbeidstider. Det er forståeleg. Legar er ikkje overmenneske lenger, dei er på mange måtar som folk flest har det vist seg.

BEKYMRA. Eg er bekymra for framtida til den offentlege helsetenesta. For at legane også i framtida skal orke å stå i alt som legeyrket krev, må arbeidsinnsatsen dei legg ned bli verdsett. Løn er ein del av dette biletet, men langt frå den einaste faktoren. Legeyrket er unikt, givande, utviklande og lærerikt, men stadig fleire opplever at fagkunnskap og ønskje om å yte helsehjelp av høg kvalitet, blir overkøyrd av økonomiske føringar og effektivitetsomsyn. Redusert fagleg autonomi og mindre kontroll over eigen arbeidskvardag fører til stor slitasje.

Pasient- og brukarmedverknad i planlegging og utforming av helsetenesta har blitt ei sjølvfølge. Det er bra. No er det kanskje på tide å lytte meir til dei tilsette? Dei som kjenner på kroppen korleis det er å stå i akuttmottaket, på operasjonsstua, på dei overfylte poliklinikkane, dei som skal bruke datasystema, og dei som skal bemanne legevaktene og fastlegekontora rundt omkring i landet.

Turnustenesta gjorde meg til lege, langt frå utlært – men klar for å vere lege og alt det andre som høyrer legelivet til. Ein ting hadde eg ønskja meg, då eg var fersk turnuslege, at nokon sa til meg; Høyr her, eg forstår akkurat korleis du har det, at du er usikker og redd, det er normalt, men vi er her for deg. Ring når du treng hjelp, vi står i stormen saman med deg.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS