
Ressursar i norske overvakings- og intensiveiningar
Det er positivt at medlemmer og forskarar er opptekne av datasettet i NIKreg og har meiningar om korleis det bør være innretta.
Takk til Hasselgård og medforfattarar for innlegget om skåringsverkty og aktivitet i overvakings- og intensiveiningar ved norske sjukehus (Dagens Medisin 22.01.25). Norsk intensiv- og kriseregister (NIKreg) er eit nasjonalt kvalitetsregister med to delar: 1: intensivdelen, som frå starten av har samla data om det som er definert som intensivmedisin ved norske sjukehus, og 2: krise- og ressursdelen, som er nystarta og skal samle data ved ekstraordinære hendingar (kriser, pandemiar o.a.) og også ha data over ressursar i form av utstyr, personell og kompetanse i sjukehusa våre.
På dei største sjukehusa våre finst det ein del «reine» intensivavsnitt, der det store fleirtalet av innlagde pasientar er intensivpasientar etter definisjonen (med trugande eller etablert akutt organsvikt), og dermed skal rapporterast til NIKreg etter ein gjeven mal. Desse største sjukehusa har også avsnitt/ avdelingar der fleirtalet er meir stabile observasjons- og overvakingspasientar (inkludert postoperative overvakingspasientar), og der berre eit mindretal er så sjuke/skadde at dei vert definerte som intensivpasientar. På dei mellomstore og mindre sjukehusa er regelen derimot at båe desse pasientgruppene blir tekne hand om av eit felles personale på eit felles overvakings- og intensivareal. Her er altså størstedelen av pasientmassen postoperative pasientar og observasjonspasientar, medan ein mindre del er intensivpasientar. Samla utgjer aktiviteten på slike kombinerte avdelingar likevel flesteparten av intensivopphalda og langt dei fleste overvakingsopphalda her i landet årleg.
Innsendarane er uroa over at berre er ein del av sjukepleieaktiviteten i norske intensiv- og overvakingsavsnitt vert dokumentert med skåringsverktyet NEMS i NIKreg i dag. Det er rett at berre ein del av aktiviteten vert skåra – registeret skårar og lagrar nemleg data berre på dei pasientane som er såpass sjuke/skadde at dei oppfyller krava og vert kategoriserte som intensivpasientar. Intensivdelen har heile tida vore meint å registrere og skåre nettopp det den er laga for – intensivaktiviteten i norske sjukehus. Og berre det. Her er dekningsgraden høg. Det er difor direkte feil når innsendarane skriv at «….en stor del av intensivvirksomheten ikke dokumenteres». Det dei tydelegvis meiner, er at ein stor del av sjukepleiaraktiviteten i dei kombinerte intensiv- og overvakingseiningane ikkje blir registrert i NIKreg. Det er rett – men det gjeld altså aktiviteten tilknytt observasjon, overvaking og kortvarig organstøttande behandling i samband med operasjonar, ikkje intensivaktiviteten som gjeld kritisk sjuke pasientar. Intensivdelen skal innehalde data om norsk intensivmedisin, ikkje om total pasientstraum gjennom dei kombinerte intensiv- og overvakingsavdelingane. Mange sjukehus har eiga oversikt lokalt over denne straumen av pasientar som ikkje er intensivpasientar.
Det er positivt at medlemmer og forskarar er opptekne av datasettet i NIKreg og har meiningar om korleis det bør være innretta. Vi tolkar dette innlegget som ei oppmoding om å skåre meir av sjukepleiarressursane brukte på overvakingspasientane og dei postoperative pasientane i norske sjukehus. Vi ser sjølvsagt nytta av det. Både overvakings- og intensivpasientar treng mykje ressursar, særleg i form av spesialisert sjukepleie. Og totalaktiviteten seier definitivt noko om våre nasjonale ressursar. Såleis vil dette vere noko som høyrer inn under krise- og ressursdelen av registeret. NIKreg arbeider for tida med å samle inn data for å kunne rapportere både sengekapasitet, tal på tilsette og kompetanse. Men denne datainnsamlinga til krise- og ressursdelen av registeret er altså uavhengig av intensivdelen. Skåringsverkty eller inklusjonskriterium i intensivdelen kan dermed ikkje gje eit feil bilete av ressursar eller kapasitet.
Det er ikkje oppgitt nokre interessekonflikter
Fullstendig forfattarliste:
Andreas Barratt-Due, tidlegare leiar av fagrådet i NIKreg
Shirin Kordasti Frisvold, medlem av fagrådet i NIKreg
Eivind Sjursæther, NIKreg
Kristine Helland, NIKreg
Reidar Kvåle, NIKreg
Eirik Alnes Buanes, leiar i NIKreg