LIVSNYTING: Kan magiske måltid skapast ved å følgja dei nye kosthaldstilrådingane? Har dei plass i tilværet til livsnytaren, spør innleggsforfattarane.

Nye kostholdsråd - kan me framleis nyta livet?

Dersom me tek kosthaldsråda på fullt alvor, legg dei for mange opp til skuld- og skamkjensle.

Publisert Sist oppdatert

«Food is life, and food is illness”. Desse orda fall i ein samtale om dei nye nordiske ernæringstilrådingane. Korleis kan desse vera samanfallande med livsnytelse?

Kristine Rørtveit i er professor og klinisk spesialist i psykiatrisk sykepleie ved avdeling for omsorg og etikk, AOE, ved Universitetet i Stavanger.

Mat er knytt til helse, men det inneber ikkje berre ei reduksjonistisk tilnærming til kva me kan og bør eta. Mat representerer mykje meir enn delane han er sett saman av. Det er ei kjelde til glede, livsnytelse, velvære og ein stor del av vår opplevde livskvalitet. Måltid er følelsar og estetikk, kultur, samhøying og historie. Mat og måltid samlar oss, me blir sosiale. Mange av oss blir leikne og får assosiasjonar til historier og forteljingar gjennom smak, og mat og måltid.

KOSTHALDSRÅD. Innleiingsvis i Nordic Nutrition Recommendations 2023 framhevar generalsekretær Karen Ellemann i Nordisk Ministerråd mat som ein sentral del av kvardagen vår, som kultur – og tradisjonsberar, og som viktig for helse og velvære. Dei nye tilrådingane er oppsiktsvekkjande, og reaksjonane har ikkje late venta på seg. Det blir mellom anna hevda at det vil bli utfordrande å følgja råda, at dei vil skapa helseangst, og kan opplevast som overformynderi: Kostholdsråd, Ernæringsråd | Reaksjoner på nye kostholdsråd: – Andre kan ikke bestemme hva du skal spise (nettavisen.no). I tillegg blir det sådd tvil om det vitskaplege grunnlaget til tilrådingane Flere forskere har trukket seg fra arbeidet med nye kostholdsråd (dagensmedisin.no).

FOOD IS LIFE AND FOOD IS ILLNESS «Nasjonal Handlingsplan for eit betre kosthald (2017-2021)» sette søkjelyset på det magiske måltidet, at god mat og gode måltid kan hjelpa oss til å leika og læra, løfta tungt og tenkja hardt, og gi auka trivsel Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017–2021) - regjeringen.no. Livsnytelse vil seia det å nyta livet, men og som den nytelsen livet kan bringa livsnytelse - Det Norske Akademis ordbok (naob.no). Ein livsnytar gleder seg over det å leva, set pris på det livet har å by på, då særleg mat og drikke. Då er vegen kort til å tenkja livskvalitet og det den enkelte gjer for å gi livet god kvalitet. Livskvalitet i eit ernæringsperspektiv vil nokon hevda betyr at eit sunt og variert kosthald kan gi oss fleire gode og friske leveår.

Anne Marie L. Husebø er Professor i Helsevitenskap ved Avdeling for folkehelse, ved Det helsevitenskaplige fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Men livskvalitet handlar og om livsglede, gode relasjonar og samhald her og no. Det er her det magiske måltidet har funksjonen sin, som arena for livsnytelse, livsglede og nærvær; ein plass magi blir skapt. Kan magiske måltid skapast ved å følgja dei nye kosthaldstilrådingane? Har dei plass i tilværet til livsnytaren? Livsnytelse kurerer ikkje alvorleg sjukdom, og forsking har funne samanhengar mellom livsnytelse og risikofylt helseåtferd. Samtidig har livsnytelse og mat eit sosialt aspekt som verkar positivt på den fysiske helsa vår, òg når alvorleg sjukdom truar A Phenomenological Investigation Into the Meaning of Food in Palliative Care Patients With Anorexia (sagepub.com).

KOSEN I KOSTEN. Dei fleste av oss ønskjer ikkje å forhalda oss til å telja og måla komponentane på tallerkenen. Dersom me tek kosthaldsråda på fullt alvor, legg dei, for mange, opp til skuld- og skamkjensle, som vil overgå kos og nytelse.

I helse- og omsorgsfaga er me ofte involvert i betydninga av måltidet, - ikkje berre sjølve maten, men om måltid som samlande komponent i livet. Dersom måltid knytt til aldring, til mental helse eller til ulike sjukdommar skal vera mat-tid, vil me tapa ein viktig menneskeleg faktor som er i og mellom oss. Måltidet er for mange den viktigaste samlande delen av kvardagen vår og fungerer til og med som ei terapeutisk setjing.

Ein kronikk i Dagens Medisin (13.okt. 2021) tek til orde for å styrkja den humanistiske tilnærminga til overspising og overvekt gjennom mindre søkjelys på kilo og kaloriar, fordi nokre menneske bruker mat for å handtera eit vondt liv; ein livsglad omgang med mat kan òg vera selvdestruktiv La oss snakka om overspising (dagensmedisin.no). Me kan spør oss sjølv om me har vorte for disiplinerte i omgangen vår med mat. Kva med nytelse? Studiar om livsnytelse er ofte knytt opp mot eldre, og livsnytelse kan vera vernande og til dømes utsetja utvikling av diabetes type-2 Enjoyment of life predicts reduced type 2 diabetes incidence over 12 years of follow-up: findings from the English Longitudinal Study of Ageing | Journal of Epidemiology & Community Health (bmj.com).

Me kan spør oss sjølv om me har vorte for disiplinerte i omgangen vår med mat. Kva med nytelse?

Me fjernar oss frå livsnytelsen som ligg i dette dersom me blir for detaljerte i kosthaldsråda. Me blir mat-teljande menneske, kalori-teljarar, alkohol-teljarar. Dette er langt frå glede og livsnytelse.

Ei reduksjonistisk tilnærming til kva me skal eta kan bli for einspora og einsidig, noko dei nye kosthaldsråda ser ut til å demonstrera. Dei blir for kompliserte å følgja for nokre av oss, medan andre av oss går for langt i å følgja kosthaldsråd, og utviklar eit vanskeleg forhold til mat og kropp. Nye kosthaldsråd har komme – men no må me òg snakka om mat som glede og nytelse.

Ingen interessekonflikter oppgitt.

Powered by Labrador CMS