Fastlegar i rask tilpassing
At eg skulle bli fastlege på heimekontor med pasientar på videolink – den hadde eg verkeleg ikkje sett kome. Fastlegar er driftige folk som får ting til på eiga hand. Helseleiinga i kommunen halsar ofte etter.
Denne artikkelen er mer enn fire år gammel.
LEGELIV-KOMMENTAREN: Lisbeth Homlong, fastlege ved Kurbadet legesenter i Oslo og seniorrådgiver i Helsetilsynet
DET ER IKKJE meir synd på meg enn andre. Heller mindre. Men det må vere lov til å klage. Litt. Saknet etter hytta, fjellet, snøen. I fjelltoppar der vårsola blenkjer. Når får eg atter sjå slike fjell og dalar? Eg som skulle stå på randonee-ski ned bratte fjellsider på Sunnmøre i år. Det blei det ingenting av.
Eg drøymer om London, vintage-shopping i Notting Hill og afternoon tea. Om varme sandstrender ved Middelhavet og lunken, salt sjø. I staden brakkesjuke og langsame dagar. Kryssord og puslespel. Netflix-bonanza. Treningsstudio på stovegolvet og turar i skog og nærliggande mark. Ingen bursdagsfest, venninnetreff eller teaterbesøk.
Eg blei etter kvart understimulert på sosialt liv og tok meg i å slå av lange samtaler med naboar eg elles berre er på nikk med. Sjølvsagt på to meters avstand.
ALT GÅR. I løpet av nokre få dagar i midten av mars vart livet og fastlegekvardagen snudd på hovudet. På legekontoret snudde vi oss rundt «på eit kronestykke». Det er fordelen med små forhold og flat struktur. Over natta innførte vi nye rutinar og tiltak for å verne pasientar og oss sjølve mot smitte. På rekordtid fekk vi rigga oss til med løysingar for heimekontor og konsultasjonar over video.
At eg skulle bli fastlege på heimekontor med pasientar på videolink – den hadde eg verkeleg ikkje sett kome. Før eg visste ordet av det, sat eg ved kjøkenbordet og sjonglerte mellom videokonsultasjonar, terapisamtaler per telefon, heimeundervisning for to barn, hundelufting, matlaging, rydding og klesvask. Alt går.
MINUTT FOR MINUTT. Eg las meg ei stund matt på spreiingskurver, reproduksjonsratar, stans, brems, fri flyt, flokkimmunitet, koronadødsfall minutt for minutt, Sverige, Danmark, New York, verda. Denne trongen til å følgje med 24–7. Eg fekk søvnvanskar og måtte til slutt skjerme meg.
Eg er stolt og glad over korleis kollegaer raskt tilpassa seg ein uføreseieleg og krevjande arbeidssituasjon
Og så var mor mi jamleg på telefonen, med trong til å rekapitulere alle epidemiane ho har opplevd: Spanskesjuka som ho høyrde gjetord om då ho sjølv var barn. Tanter og onklar som hadde vore sjuke, nære og fjerne slektningar som strauk med. Difteri-epidemien etter krigen. Og polioepidemien. Det var ein farsott. Inntil vi fekk vaksinen. Det var ei lukke! Mao-sjuka i 1968. Meslingar og kusma. Det hadde vel du også, undrar ho? Eller var det bror din?
PRAKTISK HANDLING. Det er pest, kolera, tuberkulose og tyfus. Boccaccio, Camus, Dickens og Mann. Alle har skrive klassiske litterære verk som tematiserer utbrot av smittsame sjukdomar og korleis menneska på ulikt vis handterer dette.
Då teppebombinga frå alle kanalar blei for intens, fann eg fram Albert Camus sin roman «Pesten», kanskje den mest kjente litterære skildringa av ein epidemi. Hovudpersonen er legen Rieux som ein dag oppdagar ei daud rotte i oppgangen. Dei nærmaste dagane dukkar daude rotter opp overalt i byen, og ikkje lenge etter blir Rieux tilkalla til ein person som er angripen av ein ukjent sjukdom med byllar og feber.
Legen krummar nakken og gjer den jobben som situasjonen krev av han. Han forstår at det er praktisk handling som skal til.
SAMHALD OG SOLIDARITET. Romanen skildrar mest av alt samhaldet og solidariteten som spring ut av epidemien. Fleire sentrale karakterar i romanen legg til side sine eigne egoistiske behov og prosjekt og stiller opp som friviljuge for å kjempe ned pesten. Nokre av dei blir sjølv smitta og må bøte med livet.
Etter ti månadar med unntakstilstand ebbar smitten ut og byportane vert opna igjen. Folk er feststemte og glade, dei samlar seg på torget og i gatene. Men som Rieux minner oss på i siste avsnitt, og som historia har lært oss, vi er aldri heilt beskytta mot nye epidemiar: «... at pestens basille verken dør eller forsvinner, at den i årevis kan ligge urørlig i møbler og klær, at den venter tålmodig i soveværelsene, kjellerne, koffertene, lommetørklærne og i gammelt papir, og at den dagen kanskje vil komme da pesten, til ulykke og advarsel for menneskene, igjen vekker sine rotter og sendte dem ut for å dø i en lykkelig by».
LÆRDOM. Gradvis opnar samfunnet vårt opp att. Det vil helst gå bra. Eg er stolt og glad over korleis legekollegaer og tilsette på kontoret så raskt klarte å tilpasse seg ein uføreseieleg og krevjande arbeidssituasjon. Legekontor over heile landet fortel om liknande røynsler.
Fastlegar er driftige folk som får ting til på eiga hand. Helseleiinga i kommunen halsar ofte etter.
Dette bør helsestyresmaktene notere seg bak øyret.
Dagens Medisin 09/2020, fra Legeliv-spalten i Kronikk og debatt-seksjonen