DÅRLIG HELSE: Noreg har ein av verdas høgaste levealdrar, men ein ny studie har vist at nesten ingen lever lenger med dårleg helse enn nordmenn.

Er det formålstenleg å forlengja døden?

Eg har sjølv erfart kor vanskeleg det er å vere nær pårørande og ta stilling til om aktiv behandling skal avsluttast eller ikkje. Det var vanskeleg.

Publisert Sist oppdatert
Lisbeth Homlong

I tv-serien «The Pitt», følgjer vi eit akuttmottak på eit oppdikta sjukehus i den amerikanske byen Pittsburgh gjennom eit skift på 15 timar. I sentrum for dramatikken som utspelar seg i det travle akuttmottaket, finn vi den erfarne overlegen dr. Michael «Robby» Robinavitch. I andre episode av serien tek dr. Robby imot ein eldre mann med Alzheimer og lungebetennelse. Dei pårørande, to vaksne born, følgjer med. Dr. Robby vert satt i ein krevjande situasjon, då barna ikkje vil akseptere farens ønskje, og dr. Robby sitt klare råd, om at det ikkje er tilrådeleg å gi han pustehjelp og legge han på respirator dersom lungene sviktar.

Når situasjonen vert sett på spissen vert dr. Robby tvinga til å sette i gong medisinske tiltak som han meiner er etisk uhaldbare.

Etisk uholdbart

Det er ikkje til å kome frå at vi i moderne medisin driv ein utstrekt praksis der vi forlenger døden. Vi gjev avansert behandling til svært gamle pasientar, og vi gjenopplivar skrøpelege sjukeheimsbebuarar. I nokre tilfelle kan dette vere rett, men i det store biletet har vi ein medisinsk praksis som verken er berekraftig eller etisk forsvarleg.

Pasienten i tv-serien hadde skrive eit livstestamente. I eit slikt dokument kan vi ta stilling til om vi ønskjer livsforlengande behandling i gitte situasjonar. Eit livstestamente vil vere ei god rettesnor for kva den enkelte ønskjer å ta imot av behandling i ein kritisk situasjon eller når livet nærmar seg slutten. Det kan gjere det lettare for både legar og for nære pårørande, dersom pasienten har uttrykt sine ønskjer i eit livstestamente.

Det er viktig å understreke at gamle menneske ikkje skal frykte at dei ikkje får nødvendig og god helsehjelp når dei treng det. Å avslutte eller avgrense aktiv behandling skal heller ikkje vere motivert av økonomiske omsyn. Poenget er at vi altfor ofte endar opp i ein vond spiral der vi held fram med å utgreie og behandle pasientar, sjølv om vi veit at det vi gjer har lite nytte. Dette kan føre til langvarig og unødvendig liding, og for mange endar med ei lite verdig avslutning på livet.

Lever lenger med dårlig helse

Noreg har ein av verdas høgaste levealdrar, men ein ny studie har vist at nesten ingen lever lenger med dårleg helse enn nordmenn (1). Dette kan tyde på at prisen for at vi klarer å halde folk i live i høg alder, er fleire år med dårleg helse og dermed redusert livskvalitet. Er den prisen verdt å betale? Atul Gawande diskuterer i boka «Å vere dødeleg» korleis helsetenesta både over- og underbehandlar pasientar mot slutten av livet (2). Overbehandling skuldast ofte urealistiske forventningar til kva ein kan oppnå med aktiv behandling, medan underbehandling skuldast at vi er for seine med i gi lindrande behandling. Ifølgje Gawande handlar det til sjuande og sist om korleis vi som samfunn og enkeltmenneske ser på aldring, sjukdom og død.

Når ein akutt situasjon først oppstår, så er det mange som ikkje har tenkt over kva dei ønskjer av behandling, eller dei har ikkje snakka med sine næraste om dette. Dette kan føre til urealistiske forventningar hos både pasient og pårørande og unyttig, intensiv behandling blir sett i gong. Forventningssamtaler bør derfor vere en integrert del av primærhelsetenesta, og fastlegar bør tar initiativ til slike samtaler med skrøpelege eldre og deira pårørande.

Vanskelig for pårørende

Det er særleg viktig å gjennomføre forventningssamtaler med pasientar når dei kjem på sjukeheim. Dette skjer oftast seint i livet, og dei fleste er skrøpelege. Ofte vil det vere best for pasienten å ta imot lindrande behandling på sjukeheimen, heller enn å bli innlagt på sjukehus. 

Eg har sjølv erfart kor vanskeleg det er å vere nær pårørande og ta stilling til om aktiv behandling skal avsluttast eller ikkje. Det var vanskeleg. Vi hadde ikkje snakka om det i forkant i vår familie, situasjonen var uavklart og dramatisk. Vi var alle i villreie om kva som var rett å gjere. Han som var sjuk, var ikkje i stand til å uttrykke sitt ønskje. Informasjonen vi fekk frå sjukehuset var lite avklarande og inngav ikkje tillit.

I akuttmottaket på «The Pitt» pressar barna på for at faren skal bli lagt på respirator. Med gode, respektfulle samtaler, grundig informasjon om realitetane i faren sin situasjon og nok tid til å bearbeide det som skjer, så kjem dr. Robby og dei pårørande i fellesskap til at det beste for faren deira er å få lov til å døy ein fredeleg død utan inngripande behandling, men med god lindring.

 

1. Garmany A, Terzic A. Global Healthspan-Lifespan Gaps Among 183 World Health Organization Member States. JAMA Netw Open. 2024;7(12):e2450241.

2. Gawande A. Å være dødelig : om legekunst og livskvalitet. Oslo: Mime forl.; 2016.

Powered by Labrador CMS