Ny kurs for helseforskinga?
Behovet for helsetenester veks raskare enn me har råd til. Difor må helseforskinga rettast mot betre og meir effektiv ressursbruk, helsetenesteforsking og tenesteinnovasjon.
Denne artikkelen er mer enn to år gammel.
Kronikk: Klaus Mohn, rektor og professor ved Universitetet i Stavanger
NORSK HELSEVESEN står overfor enorme utfordringar i åra som kjem. Når fleire blir eldre, vil behovet for behandling, pleie og omsorg auke. Og auken blir kraftig, spesielt for aldersrelatert sjukdom. Ressursane strekk ikkje lenger til, og verre kan det bli.
Om ikkje kursen blir lagt om for helseforskinga, vil me korkje ha kunnskap eller hender til å møte behova i helsesektoren i åra som kjem.
MEIR FOR INNSATSEN? I ei verd av uvisse er demografien ei trufast rettesnor. Det same gjeld krava til stadig betre kvalitet og standard, som peikar støtt oppover. For helsesektoren betyr dette at utviklinga i ressursbruk og kostnadar umogleg kan halde fram. Kunststykket som trengst, er å få tilbodet av tenester til å utvikle seg raskare og betre enn kostnadane. Med andre ord må helsesektoren bli meir effektiv.
Tida har kome for ein grundig gjennomgang av helseforskinga, for å sikre utviklinga av ny kunnskap som kan hjelpe til med å få endane til å møtast
Her finst det eit enormt potensial – for innsparing av offentlege budsjettmidlar og/eller fleire og betre helsetenester for kvar skattekrone. I forslaget til statsbudsjett for 2023 forvaltar Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) 260 milliardar kroner. Ei effektivisering av ressursbruken på helsefeltet kan gje gevinstar på fleire titals milliardar kroner, som i sin tur kan gi rom for meir og betre helsetenester, eller andre offentlege tenester.
NY KUNNSKAP. Løysinga ligg i ny kunnskap. Her kan universitet og høgskular spele ei sentral rolle. For det som trengst, er nemleg ny kunnskap. Ny kunnskap om organisering, ny kunnskap om arbeidsmåtar, ny kunnskap om samarbeidsformer. Då skulle ein kanskje tru at dette blei reflektert gjennom prioriteringar rundt utdanning, forsking og innovasjon. Men slik er det verkeleg ikkje.
I den ferske langtidsplanen for forsking og høgare utdanning – Meld St 5; 2022–2023 – er rett nok helse ei av seks tematiske prioriteringar. Det er lovande at problemstillingar knytt til effektivitet i tenestetilbodet får god plass, sjølv om implikasjonane for helserelaterte utdanningar med hell kunne ha fått større merksemd. Spørsmålet er uansett kva langtidsplanen vil få å seie for helserelatert forsking i åra som kjem?
Situasjonen i dag er at helseforskinga i all hovudsak blir finansiert direkte frå HOD. Nærmare fem milliardar kroner finn rake vegen gjennom dette systemet kvart år, til ulike forskingsfelt i norske helseføretak.
LEGG OM! Prioriteringane må leggast om. Politiske føringar og strategiar i dei regionale helseføretaka legg premiss for prioriteringa av forskingsmidlar til ulike helseføretak og ulike fagområde. Mønsteret i tildelingar frå regionale helseføretak til forskingsmiljø i sjukehusa gir informasjon om prioriteringane. Det aller meste av desse ressursane går til klinisk forsking, med om lag 20 prosent til kreftforsking. Berre fem prosent av tildelingane frå dei regionale helseføretaka går til forsking på betre helsetenester.
Klinisk forsking bidreg til at fleire pasientar får betre behandling. At dette gjer helsetenestene betre, er det lett å argumentere for, men at dei blir billigare, er langt frå sjølvsagt. Tvert om tyder historia på at nye tilbod gjerne skapar sin eigen etterspurnad, i ein karusell som endar med kronisk ressursmangel som resultat. Utan korreksjon har ei slik utvikling potensial til å undergrave berekrafta i helsetenestene.
Om ein ikkje ønsker seg dit ein stemnar, så må ein legge om kursen. I denne samanhengen må ein etter alt å døme tilpasse tiltak for å dempe etterspurnad og behov både i spesialisthelsetenesta og i primærhelsetenesta. Samstundes innsatsen auke for å betre effektiviteten rundt tilbodet av helsetenester.
KLARARE PRIORITERING. Dei store utfordringane rundt ressursar og kapasitet bør sjølvsagt og bli reflektert i utviklinga av ny kunnskap for sektoren. For utdanningssida er dette ein viktig del av mandatet for Helsepersonellkommisjonen, som ein får håpe vil kjenne si besøkelsestid og gje klare og uredde råd om kjærkomne reformar av helseutdanningane.
Men forskingsaktiviteten kan truleg heller ikkje halde fram på same kurs som før. Om det ein no treng er meir kunnskap om korleis ein kan få meir ut av ressursane, må merksemd og midlar i forskingsverksemda og bli omdirigert i denne retninga. Dette betyr klarare prioritering av helsetenesteforsking og tenesteinnovasjon, med høgare krav til koordinering, forskingsdesign og evaluering.
KLART FOR OMSTILLING? Spørsmålet som står att, er om dagens system for evaluering og finansiering av helseforsking kan fasilitere ei omstilling av helseforskinga som svarar til kunnskapsbehovet. Per i dag er prioriteringane gira inn mot klinisk forsking, medan det som no kan trengast er kunnskap og kompetanse av eit anna slag.
Ei hovudutfordring i åra som kjem er at ressursane i helsesektoren ikkje lenger strekk til, og at ein difor må få meir helsetenester ut av kvar krone. Tida har kome for ein grundig gjennomgang av helseforskinga, for å sikre utviklinga av ny kunnskap som kan hjelpe til med å få endane til å møtast.
Ingen oppgitte interessekonflikter
Dagens Medisin, fra Kronikk- og debattseksjonen i 14-utgaven