La oss snakka om overspising!

For å få betre tak på overvektsproblematikken, treng me å snakka om overspising som fenomen. Fokus i fedmedebatten medfører ofte at dei enkle tiltaka forsvinn i det komplekse bilde.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn tre år gammel.

Kristine Rørtveit

Kronikk: Kristine Rørtveit, professor ved Universitetet i Stavanger/Stavanger universitetssjukehus
Elin Dysvik, professor emerita, Universitetet i Stavanger

DET ER BEHOV for å utfordra den rådande tradisjonen i helsetilbodet til personar med alvorleg overvekt – ved å leggja vekt på eksistensielle dimensjonar.

Elin Dysvik

Når ein jobbar med overspising som fenomen, treng ein rom for å løysa opp eit fastlåst og problematisk spisemønster – som å granska overspisings-episodar opp mot den kjenslemessige tilstanden

Ein veg er å styrkja ei meir humanistisk tilnærming med mindre søkjelys på kilo og kaloriar.

TILNÆRMINGA. Ei humanistisk tilnærming til personar med overvekt vil setja søkjelys på eigenverdien slik at personen blir betre rusta til å ta eigne val og ansvar for livet sitt. I overvektstilboda treng me fruktbar berøring mellom ernæring og vekt, og mentalt liv. Gjennom fleire studiar synest det å vera ein raud tråd at når mennesket får komma fram med utfordringane sine, fører det til eit betre liv og reell moglegheit til å endra livsstil.

Eit eksistensielt fokus rommar nokre livsvilkår som alltid er til stades, uavhengig av tid og kultur. Gjennom val har mennesket fridom til å skapa sitt eige liv, og dermed forma sin eigen identitet. Det inneber at liva våre får innhald og meining gjennom vala. Nokon med overvekt vel å søkja ein aksept for situasjonen sin frå samfunn og omgivnader, utan å bli påført løysingar for å endra seg. Andre søkjer endring, men finn ikkje veg ut av situasjonen. Det ser ut til at det eksistensielle perspektivet er oversett innanfor dette feltet.

MINDRE FASTLÅST. I studien vår om overspisingslidelse fekk nettopp dette eksistensielle perspektivet plass gjennom å gi plass til undring, sjølvrefleksjon og gransking i eige liv. I løpet av 30 timar, fordelte på ti gruppesamlingar, gjennomgjekk deltakarane tema som korleis me tenkjer og forstår åtferda vår, forståing for kjensler, personleg skriving og matdagbok, djupnesamtalar og refleksjon.

Deltakarane beskriv at ei gryande forståing av seg sjølv som menneske resulterte i eit mindre fastlåst liv. Deltakarane opna opp for å få innsikt i eigne kjensler. Dei blei meir sjenerøse til seg sjølv, og gradvis tok dei grep om spisevanskane. Endringar i overspisingsvanar kravde med andre ord ei omforming av noko i det indre livet.

Å GRANSKA KJENSLER. Vi kjem ikkje utanom kjenslene. Når ein jobbar med overspising som fenomen, treng ein rom for å løysa opp eit fastlåst og problematisk spisemønster. Ein veg er å granska overspisingsepisodar opp mot den kjenslemessige tilstanden. Da kan utdjuping og undring få plass i behandlinga. Det er ei enkel og samtidig komplisert øving.

Gjennom å auka forståinga av seg sjølv, kan ein opna opp for nyansar, romslegare erfaringar – og auka forståinga av eigen kropp og forholdet til mat. Trongen til å eta for mykje, vil då kunna mista krafta si. Dermed blir den som lir av overspising, betre rusta til å handtera eiga indre smerte på ein ny måte. Dette er vegen å gå, slik me ser det, mot betre heilskapleg helse, ved å unngå einsidig kalorifokus.

FORSTÅING. Gjennom lang erfaring som klinikarar og forskarar innan feltet, veit me etter kvart ein del om den mentale sida bak overspising og smerter med å leva i ein for stor kropp.

Me trur at det er viktig å opna opp for ei gryande rørsle i retning av å kjenna seg sjølv som eit etande, tenkjande og følande menneske.

Me må ta på alvor at det å gje rom for å forstå korleis den livsglade omgangen med mat òg kan vera sjølvdestruktiv, uavhengig av om ein skal gå ned i vekt eller om ein skal godta seg som ein er. Gjennom programmet vårt såg me tydeleg at deltakarane klarte å ta små steg i riktig retning.

EIT ANNA FOKUS. Me sit igjen med at det er ei felle å fokusera på tosidige opplevingar av dette feltet: Bli verande helsemessig for stor eller ta av raskt; eta svært mykje eller svært lite; slanka seg – eller la vera å slanka seg. Kvar er erkjenningane her?

Me må laga eit nytt språk som rommar tilværet og kjenslene, og korleis det er å erfara seg sjølv i relasjon til overspising. Det gir eit anna fokus enn diettar, vektoppgang og vektnedgang. Det er ein tydeleg bodskap til behandlingsapparat og styresmakter.


Ingen oppgitte interessekonflikter


Dagens Medisin
, fra Kronikk og debattseksjonen i 16-utgaven

Powered by Labrador CMS