Amalgam – og helserisiko

Kan fjerning av amalgamfyllingar redusere faren for Alzheimer sjukdom? Prosessen er enkel, og kvikksølv kan ein erstatte  med kompositt eller krone. Difor er det ingen grunn til å gå med konstant kvikksølvforgifting resten av livet.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn to år gammel.

Einar Sletten

Kronikk: Einar Sletten, professor emeritus i fysikalsk kjemi, Kjemisk institutt ved Universitetet i Bergen (UiB)

IFØLGE TALL fra FN i 2019 er det estimert at over 50 millionar menneske har demens-diagnose. Meir enn 5,8 millionar amerikanarar har nå Alzheimer, og ein reknar med at det vil auke til nesten 14 millionar innan 2050. Førebels er det ingen som har funne truverdig svar på Alzheimers-gåta.

Amalgam blei forbode i Norge i 2008,  ikkje på grunn av potensiell helserisiko, men for  å redusere miljøforureining. Ei lang rekke forskningsresultat, basert på sikre analysemetodar, tyder på at amalgam kan være farlegare enn det ein har trudd. I den industrielle verda auka bruken av amalgam sterkt etter krigen.

SKADELIG? Amalgam består av 50 prosent kvikksølv (Hg), 30 prosent sølv og 20 prosent andre metall (tinn, koppar og sink). Den engelske kjemikaren, Bell, oppfant amalgam i 1819, først brukt som tannfylling i 1828. Tidlegare blei harpiks, kor og bivoks brukt.

Eit lite kjent faktum er at det foregår kontinuerleg lekkasje frå amalgam til blod. Til dømes vil ein stor fylling, om lag 1 gram kvikksølv, lekke ut 10 mikrogram per dag (1 mikrogram = 0,001 milligram). Kvikksølv frå amalgam har ei halveringstid på cirka 60 dagar, det vil si at når alle fyllingar er fjerna, vil restar av Hg bli borte etter ei tid. Det finst mange kjelder til inntak av Hg, mellom anna  fisk, men den desidert største mengda kjem frå amalgam. Kvikksølv bind sterkt til svovel og selen. Fleire aminosyrer inneheld svovelatom, og ei rekke vitale enzym inneheld selen. Vi har vist at kvikksølv også bind til DNA-sekvensar og potensielt kan gi genetisk skade.

Det kan vere bra å nytte føre var-prinsippet og straks fjerne gamle amalgamfyllingar

Ein oversiktsartikkel frå 2019 påviste signifikant  høgre kvikksølvnivå i hjerne, blod og vev hos Alzheimers-pasientar. Forfattarane konkluderte med at kvikksølv kan vere årsaka til Alzheimers sjukdom, og at «Mercury should be eliminated from biological cycles as quickly as possible». Tidligere hadde Wenstrup og medarbeidarar komme fram til same konklusjon.

KREVJANDE. Analyser på svært små mengder (nanogramområde) er krevjande. I dette studiet nytta ein avansert teknikk: Inclusive Neutron Activation Analysis (INAA), der ein  mellom anna må ha tilgang til ei nøytron kjelde. Det blei analysert på 13 sporelement i fraksjonar av hjernen – autopsi av Alzheimer-døde. Også i denne studien  blei det påvist signifikant høgre kvikksølvnivå i heile hjernen, 178 ng/g i høve til mengda i kontrollgruppa, 69.6 ng/g, ein auke på 150 prosent. Det  har også blitt  publisert data der ein ikkje finn signifikant høgt Hg-nivå hos Alzheimers-pasientar, men her har ein nytta mindre ein presis analysemetode, induktivt koblet plasmamassespektrometri (ICP-MS), som omfattar  komplisert prøvepreparering.

Ein systematisk gjennomgang av 106 relevante studier blei publisert i Journal of Alzheimer’s Disease (2010).

BEKYMRING. Dyreforsøk med rotter viser m.a. at Hg fører til at det blir  danna såkalte «neurofibrillar tangles» – uordna nervetrådar – i hjernen. Liknande skader er funne hos Alzheimers-pasientar (autopsi-undersøking). Ingen andre metall har denne effekten.

Det er i dag ingen klar årsak – etiologi – for Alzheimers sjukdom. Forfattarane  uttrykker bekymring for at forsking som klart viser til potensiell helseskade av amalgam, vil bli neglisjert på same måte som kunnskap om samanheng mellom røyking og kreft på 1970-tallet. Dei viser til at det tok meir enn 20 år før ein tok omsyn til omfattande forskning og endre lovan og at tregheit i systemet ofte kan skuldast økonomiske interesser.

UEINIGE. I Amerika er amalgam framleis lovleg, ikkje minst på grunn av ein aggressiv  kampanje frå The  American Dental Association (ADA) . Dei slår fast at amalgam er heilt ufarleg og neglisjerer nye forskningsresultat. Den norske tannlegeforening har same standpunkt. Ein kan ikkje vente at folk flest har fagleg bakgrunn for å vurdere kompliserte analysemetodar for kvikksølv. Wikipedia kan ein heller ikkje lite på i kontroversielle saker. Interessegrupper har høve til å skrive innlegg anonymt.

Dersom hypotesen «Mercury May be a Factor in Alzheimer's Disease» viser seg å vere korrekt, bør ein nytte føre var-prinsippet og straks fjerne gamle amalgamfyllingar. Prosessen er enkel, og kvikksølv kan ein erstatte  med kompositt eller krone.  Det er difor ingen grunn til å gå med konstant kvikksølvforgifting resten av livet.

Ingen oppgitte interessekonflikter
Referansar/dokumentasjon: Brain Research, 533 (1990) 125-131 125 Elsevier. «Trace element imbalances in isolated subcellular fractions of Alzheimer's disease brains».

Journal of Alzheimer’s Disease 22 (2010) 357–374 357 . Joachim Mutter et al. Review. Does Inorganic Mercury Play a Role in Alzheimer’s Disease? A Systematic Review and an Integrated Molecular Mechanism.
Abstract. Mercury is one of the most toxic substances known to humans. Evidence exists that the pathology of Alzheimer’s disease (AD) might be in part caused by inorganic mercury. We conducted a systematic review included 106 studies. Thirty-two studies, out of 40 testing memory in individuals exposed to inorganic mercury, found significant memory deficits. Some autopsy studies found increased mercury levels in brain tissues of AD patients. In animal models inorganic mercury produced changes that are similar to those seen in AD . As the single most effective public health primary preventive measure, industrial, and medical usage of mercury should be eliminated as soon as possible.

Brain Research, 533 (1990) 125-131, D. Wenstrup  et al. Trace element imbalances in isolated subcellular fractions of Alzheimer's disease brains.
Abstract. Neutron activation analysis; Brain subcellular fraction; Mercury; Selenium Concentrations in isolated subcellular fractions (whole brain, nuclei, mitochondria, microsomes) of temporal lobe from autopsied Alzheimer's disease (AD) patients and normal controls. Comparison of AD and controls revealed elevated  (whole brain) and Hg (microsomes). Overall our studies suggest that Hg could be an important toxic element in AD. Whether Hg deposition in AD is a primary or secondary event remains to be determined.


Dagens Medisin
, fra Kronikk og debattseksjonen i 02-utgaven

Powered by Labrador CMS