Ny medisin

Forbetring og fornying føreset friske tanker og nye reseptar – også for medisinutdanninga.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Klaus Mohn

Innlegg: Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger (UiS)

I NOREG BLIR me stadig fleire eldre, samstundes som krava til standard og dekningsgrad i helsetenestene stig. Difor treng me meir helsepersonell. Sjølvsagt gjeld dette hjelpepleiarar, sjukepleiarar og alle typar støttepersonell. Men me vil og trenge fleire legar.

Grimstad-utvalet har nyleg konkludert med at underskotet på studieplassar i medisin i Noreg ikkje lenger bør aksepterast, at kapasiteten må opp og at hovudmodellen for medisinstudie i Noreg bør være basert på seksårige integrerte studieprogram.

GRADSRETTEN. Halvparten av utvalet opnar likevel for at det bør være muleg å gi rett til å tildele graden cand.med. til fleire enn dei fire universiteta som har ein slik rett i dag. Halvparten av utvalet opnar i tillegg for delte studiemodellar, i alle fall som ei mellombels løysing. Dette inneber at studentane får dei første tre åra ved eit universitet, og dei siste tre åra ved eit anna.

Dei fire universiteta som i dag utdannar legar, slår naturleg nok ring om den eksklusive gradsretten og åtvarer mot at nye universitet får høve til å utvikle eigne studieprogram i medisin. Dei viktigaste argumenta er at dei medisinske fagmiljøa ikkje bør fragmenterast, at pasientgrunnlaget i regionane må gje rom for tilstrekkeleg relevante praksisplassar og at samordning og samarbeid er det beste for vidareutviklinga av medisinutdanninga i Noreg.

INNOVASJON OG NYTENKING. Etableringshindringar er ein stor fordel for dei som allereie er etablerte, men ikkje for dei som ønskjer å etablere seg, og heller ikkje alltid for nasjonen. Nye aktørar kan skjerpe konkurransen, heve innovasjonstakten og inspirere til nytenking hos alle institusjonane som utdannar legar. Konkurransen er som tidevatnet. Han løfter oss alle.

I tett samarbeid med Stavanger Universitetssjukehus og næringslivet i regionen har Universitetet i Stavanger (UiS) bygd opp viktige forskingsmiljø for helseteknologi. I tillegg bygg utforminga av studieprogrammet på nære alliansar med kommunane og primærhelsetenesta, for å møte behovet for fleire fastlegar i Kommune-Noreg.

Om Universitetet i Stavanger skal utvikle eit nytt studietilbod i medisin, bør ein og få høve til å tildele graden cand.med. til studentar som fullfører studiet sitt hos oss. Med dette som utgangspunkt er målet for Universitetet i Stavanger over tid å utvikle eit fullt seksårig integrert studieprogram i medisin.

Utvikling av eit medisinstudium i Stavanger er til det beste for både pasientar, legestudentar og universitet. No ser me fram til at politikarane møtar situasjonen med eit ope sinn

EIT OPE SINN? Ved Universitetet i Stavanger står det korkje på evna eller viljen. Me vil sette studentane i sentrum, me er sterke på samspel og samarbeid og me legg stort trykk på teknologi og innovasjon i utviklinga av studieprogrammet. Me spelar på lag med eit framifrå universitetssjukehus, der kapasiteten står klar og der gode krefter trekk i vår retning.

No ser me fram til at politikarane møtar situasjonen med eit ope sinn. Vår klare meining er at utvikling av eit medisinstudium ved Universitetet i Stavanger er til det beste – ikkje berre for pasientane og legestudentane, men og for dei fire universiteta som allereie kan by på medisinutdanning. Vår overtyding er at dette vil gje ei løysing til å leve lenge med, til beste for heile Helse-Noreg.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS