Store sprik i operasjonspraksis ved norske sjukehus
Det er store skilnader på om du blir operert for ulike ortopediske tilstandar, avhengig av kvar du bor i landet. Skilnaden er særleg stor når det gjeld slitne kne.
Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.
Det viser den nye rapporten «Helseatlas i ortopedi for Noreg» som tysdag blei lagt fram ved Førde sentralsjukehus. Informasjonen baserer seg på opplysningar frå Norsk Pasientregister (NPR) for 2012-2016, og inkluderer data både frå offentlege og private aktørar i spesialisthelsetenesta.
Rapporten samanliknar operasjonsratar per 100.000 innbyggjarar fordelt på helseføretak og buområde. Helse Førde har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Helse Vest, som i fellesskap med Helse Nord er pålagt av Helse- og omsorgsdepartementet å utvikle nasjonale helseatlas. Målet er betre kunnskap om variasjon i bruken av helsetenester.
Lik tilgang til helsetenester, uavhengig av kvar ein bur, er eit viktig mål i norsk helsepolitikk. Likevel viser rapporten frå Helse Førde at pasientar frå ulike delar av landet ikkje fekk same kirurgiske behandling, og for fleire av dei undersøkte tilstandane er variasjonen stor.
Liten eller inga nytte
Variasjonen i bruk av helsetenester er særleg stor ved artroskopi (kikkholsoperasjon i ledd) som behandling for degenerative knelidingar, som er eit samleomgrep for leddsjukdommar som skuldast alders- eller slitasjeforandringar, blant anna artrose og meniskskade.
Det er fagleg semje om at eldre pasientar med degenerative lidingar, inkludert artrose, har liten eller inga nytte av artroskopi. Tallet på slike inngrep er difor halvert på landsbasis frå 2012 til 2016. Likevel er det framleis store skilnader mellom sjukehus.
Hos pasientar som er over 50 år var det meir enn fire gonger så vanleg med artroskopi i Møre og Romsdal som blant pasientar som bur i Stavanger.
Møre og Romsdal opererer mest, OUS minst
Møre og Romsdal toppar statistikken med nesten 700 atroskopiar per 100.000 innbyggjarar, etterfølgt av Førde og Nord-Trøndelag. I motsett ende av skalaen er Oslo universitetssykehus og Stavanger, som utfører om lag 150 slike inngrep årleg per 100.000 innbyggjarar. Fagfolka bak rapporten konkluderer med at variasjonen er uønska, ettersom det ikkje er kjent at førekomsten av degenerative knelidingar varierer tilsvarande.
– Artroskopi er ikkje anbefalt for personar over 50 år fordi konservativ behandling, det vil sei opptrening, har vist seg like effektivt. Då er det dumt å prioritere denne type operasjonar. Helse Sør-Øst har virkeleg gjort ein innsats for å redusere slike inngrep, og andre bør følge etter, seier Marte Bale, leiar i helseatlastenesta i Helse Førde, til Dagens Medisin.
«Uforholdsmessig stor»
Det er særleg Helse Sør-Øst som har redusert omfanget av desse unødvendige inngrepa, mens Helse-Midt ligg over landsgjennomsnittet. Rapporten konkluderer med at bruken av artroskopisk kirurgi ved degenerative knelidingar stadig er «uforholdsmessig stor».
Atroskopiar utført av private aktørar kjem i tillegg. På landsbasis, for alle aldrar, er dette estimert å utgjere 15 prosent av alle inngrepa, med ein auke på 12 prosent frå 2012-2016.
Bale, som har utarbeida rapporten, understrekar at oppdraget har vore å synleggjere variasjon, ikkje å forklare den eller foreslå tiltak. I sin konklusjon viser dei likevel til at implementering av internasjonale retningslinjer publisert i 2017 og eventuell fokusert innsats på RHF-nivå kan medverke til å redusere variasjonen i tida framover.
– Slik kunnskap om variasjon i bruk av helsetenester gjer det mogleg å stille gode spørsmål ved eigen praksis. Så blir det opp til helseføretaka å finne årsakene til variasjonen, sjå konsekvensane for sine pasientar og sitt behandlingstilbod, uttaler administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.