Nytt oppdrag om kompletterande tiltak

Vi treng et godt samarbeid med alle partar for å finne høvelege tiltak på den korte tida vi har fått til å løyse oppdraget frå departementet.

Publisert

Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.

Kronikk: Anne Farseth, avdelingsdirektør for autorisasjon i Helsedirektoratet

HELSEDIREKTORATET HAR fått i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) å utarbeide ei ordning for ELTE-kandidatar som har fått avslag på norsk autorisasjon, slik at dei skal få høve til å gå gjennom kompletterande tiltak som kan føre dei til autorisasjon som psykolog i Noreg.

I juni 2017 fekk vi i oppdrag å gjere greie for høvet for å opprette ei slik ordning, og i vårt svar til Helse- og omsorgsdepartementet i desember 2017, ga vi vår støtte til eit forslag frå dei norske universiteta om at ELTE-kandidatane kunne fylgje dei siste 2 1/2-åra av profesjonsstudiet i Noreg for å oppnå autorisasjon. Dette forslaget har departementet no vurdert som for omfattande. Difor har vi fått i oppdrag å lage ei anna løysing der kandidatane kan være i ein form for praksis samstundes som dei får tilpassa undervisning, der lengda er foreslått til å vere på 12 månader.

INGEN KNUSANDE DOM. Kravet til kva studentane må ha av dugleik til slutt for å oppnå autorisasjon, er akkurat det same som før, men vegen dei skal gjennom for at dei skal nå dette kravet, vil altså bli annleis.

Dimed har departementet ikkje felt nokon knusande dom over direktoratets vurdering, slik leiar Alexander Hvaring i Psykologiforbundet skriv i Dagens Medisin.

Tvert imot har departementet lagt til grunn det same som oss, at kandidatane har behov for kompletterande tiltak ut over praksis på lisens, før dei kan få norsk autorisasjon.

HANDSAMING. Hvaring seier vidare at det er såkalla «ugilde», altså inhabile, sakshandsamarar i Helsedirektoratet. Det finst ingen grunn til å seie at nokon som har jobba med desse sakene i Helsedirektoratet er eller har vore ugilde eller inhabile. Hvaring gjev oss heller ingen grunn for kvifor han meiner nokon av våre sakshandsamarar skulle vere ugilde.

Det har vore mange lesarinnlegg i Dagens medisin om ELTE-studentane dei siste månadene. Gjennom dei får ein inntrykk av at tilsette i Helsedirektoratet har handsama ELTE-kandidatane ut frå andre interesser enn dei juridiske og autorisasjonsfaglege. Slik er det sjølvsagt ikkje.

Vi er sett til å forvalte eit regelverk, og vi er forplikta til å forvalte det korrekt. Då vi oppdaga at det var feil etter regelverket å gje ELTE-kandidatane lisens og autorisasjon i Noreg, var det óg vår plikt å straks rette opp den feilen og handsame søknadane korrekt. Det vil seie avslå søknad om lisens og autorisasjon.

Vi har hatt full openheit om alt vi har gjort i desse sakene, og vi har etter førespurnader gjeve innsyn i omtrent kvar einaste tekst, av stort og smått, som er skriven i ELTE-handsaminga. Kva vi gjer, er heilt gjennomsiktig og det bør vere klårt at vårt føremål ikkje er noko anna enn å forvalte regelverket korrekt. Føremålet er det same her som for alle dei 29 helseprofesjonane vi gjev autorisasjon for å praktisere i Noreg.

INNSPEL. Det har óg vore hevda at praksisendringa og avslaga vi ga ELTE-kandidatane hausten 2016, kom på grunn av press frå Norsk Psykologforening og dei norske lærestadene, og at Helsedirektoratet dimed har tatt side i ein profesjonskamp.

Vi får stadig tips og innspel frå fagmiljø, einskildpersonar og arbeidsgjevarar om tilhøve vi bør undersøke nærare i autorisasjonssakene. Det er mange urette tilhøve i einskildsøknader som har blitt avdekka gjennom slike tips, og vi oppmodar alle som har relevant informasjon til å gje oss slike innspel.

At Norsk Psykologforening ved eit høve har stilt spørsmål til oss om kvalifikasjonane til dei som har utdanning frå ELTE, er sånn sett korkje oppsiktsvekkande eller mistenkeleg. Slike innspel får vi heile tida. Vi undersøker alltid seriøse tips og gjer våre eigne vurderingar av dei, men vi har ingen plikter overfor tipsarane.

OPEN AGENDA. Som autorisasjonsstyresmakt er vår agenda erklært og open. Autorisasjonsordninga er skipa av omsyn til tryggleiken for norske pasientar, men óg for at helsevesenet skal kunne utnytte dei kompetanseressursane som er tilgjengelege.

ELTE-søkarane er handsama og vurdert heilt i tråd med det regelverket vi er sette til å forvalte. Vår avgjerd har vært oppe til ny vurdering i den uavhengige helsepersonellnemnda og der har den blitt stadfesta som korrekt i dei sakene nemnda har vurdert.

MOTSEGN. Det har kome saklege juridiske motsegn mot vår vurdering av ELTE-kandidatane sin rett til å bli handsama etter EØS-regelverket, ut frå korleis denne utdanninga er regulert i Ungarn. All dokumentasjon i det spørsmålet er heilt ope, og vi meiner vi står trygt på at vi har tolka informasjonen og regelverket rett.

Den uavhengige helsepersonellnemnda har òg kome til same konklusjon som oss når dei har vurdert dette spørsmålet. Akkurat dette er klaga inn for EUs kontrollorgan ESA, som har fått all den informasjonen dei har bede om frå norske styresmakter, men dei har enno ikkje oppretta nokon sak basert på klagen.

TIDLEGARE SØKARAR. Det er noko av historikken i denne saka som har kome skeivt fram gjennom pressa. I mange pressesaker får ein inntrykk av at det har vore ein jamn straum av norske studentar frå ELTE heilt sidan 2003, som har fått autorisasjon i Noreg.

Vi har sett gjennom dei tidlegare søknadane og funne at den fyrste norske søkaren med ungarsk psykologutdanning fekk godkjenning i 2008. Vidare fram til 2014 var det berre fem nordmenn som hadde søkt og fire som hadde fått autorisasjon med utdanning frå ELTE.

Mange av dei som søkte om lisens i 2016 og no har fått avslag, byrja på ELTE i 2014. Det er riktig at dei hadde grunn til von om norsk lisens som psykolog fordi det fanst nordmenn som hadde fått det før dei, men det er altså snakk om berre fire nordmenn som hadde fått autorisasjon då dei fyrste av dei som no har fått avslag, byrja ved ELTE i 2014.

FAGLEG VURDERING. Då talet på søknadar auka i 2014, blei det behov for meir oppdatert kunnskap om innhaldet i utdanninga. Dåverande autorisasjonsstyresmakt, SAK, bad difor Psykologisk Institutt ved Universitetet i Oslo (UiO) om ei fagleg vurdering av ein konkret søknad i januar 2014.

UiO konkluderte då med at utdanninga ikkje var jamgod, men at søkaren kunne oppnå kyndigheit ved å gjennomføre to fag tilsvarande 20 studiepoeng, samt åtte månader med rettleia praksis (jf. fagleg råd 27. mai 2014). Diverre la SAK feilaktig til grunn at søkarane hadde rettar etter EØS-reglane og ga lisens slik at søkarane kunne kompensere for manglande klinisk praksis i utdanninga. Fylgja var at ytterlegare 18 nordmenn med denne utdanninga blei autoriserte i åra 2015 og 2016.

Av dei 52 som har fått avslag til no, er det berre tre som har tatt bachelor-graden i Ungarn. Nesten alle dei andre har tatt ein norsk treårig bachelorgrad som ikkje kunne ha ført dei fram til yrke som autorisert psykolog dersom de hadde heldt fram med utdanninga si i Noreg. Etter ein norsk bachelor har dei tatt den toårige mastergraden ved ELTE.

ARBEIDET MED EI LØYSING. Sjølv om det ikkje er inntrykket ein får gjennom sakene i pressa, har altså Helsedirektoratet vurdert moglege løysingar som kunne føre til autorisasjon for ELTE-kandidatane heilt sidan vi endra praksis for autorisasjonsvurderinga av denne utdanninga, hausten 2016.

Når vi no har fått i oppdrag av HOD å utarbeide eit konkret og avgrensa opplegg, er det siste kapittelet i eit arbeid vi har jobba med heile tida, og som no vonleg vert enda med noko alle kan bli nøgde med.

Det er viktig å ha med i dette biletet at det aldri har vore i vår makt åleine å etablere slike løysingar. Det er i utgangspunktet utdanningssektoren som er ansvarleg for utdanningstilbod i Noreg, og difor har dette heile tida handla om eit samarbeid mellom helse- og utdanningssektoren. Vår erfaring i denne tida er at universiteta har strukke seg langt, brukt ressursar og hatt stor velvilje for å finne løysingar i saka.

VANSKELEG. Då vi endra praksis for ELTE-kandidatane, så vi at dette ville bli vanskeleg for mange av dei som hadde tatt denne utdanninga med von om å få norsk psykologautorisasjon. Det fanst då og finst framleis ikkje noko etablert utdanningstilbod der ein kan få passande påfyll på ein psykologi-mastergrad for å bli autorisert psykolog i Noreg.

Då dei fyrste avslagsvedtaka blei fatta, fanst det altså ingen kjente kompletterande tiltak å by desse søkarane. Dette er noko vi alltid vurderer når vi gir avslag, og i dei aller fleste avslagsvedtak vi fattar, tilrår vi kompenserande tiltak søkaren kan gjennomføre for å oppnå autorisasjon seinare. Men det føreset sjølvsagt at relevante tilbod eksisterer.

Kort tid etter at avslagsvedtaka var fatta, førespurde vi universiteta som utdannar psykologar i Noreg, om dei kunne vurdere om det var mogleg å tilpasse eit tilbod med studieemne som ELTE-kandidatane kunne få nytte av. Det vart då vurdert at det ikkje var mogleg å gje eit slikt tilbod fordi det ELTE-kandidatane særleg mangla, var ferdigheitstrening og klinisk praksis. Det vil seie teori og praksis som går hand i hand gjennom eit studieløp, og dimed kunne ikkje einskilde teoretiske emnar kompensere åleine, og heller ikkje praksis kunne kompensere åleine.

EIT GODT GRUNNLAG. Etter dette har dialogen mellom Helsedirektoratet og universiteta i fleire omgangar handla om å finne høvelege tiltak som kan kompensere for manglane i utdanninga til ELTE-kandidatane.

Takk vere det gode samarbeidet vi no over tid har hatt med dei fire universiteta om dette, har vi mykje kunnskap, og vi har fått eit godt grunnlag for å jobbe med den nye løysinga. No involverer vi òg universitetssjukehusa og representantar for ELTE-studentane, og vi har så langt opplevd godt samarbeid med alle partar, og det treng vi for å få dette til på den korte tida vi no har fått til å løyse oppdraget frå departementet.

Ingen oppgitte interessekonflikter

Powered by Labrador CMS