Alvorleg bekymra for å ta i bruk Helseplattforma
HP fører framleis til at arbeidsoppgåver tek lenger tid, informasjon «forsvinn» i systemet, og det er vanskelig å fange opp feil.
Vi tillitsvalde i Norsk Sykepleierforbund (NSF) ved sjukehuset i Volda er alvorleg bekymra for både pasientar og tilsette for våren og sommaren, dersom vi må ta i bruk Helseplattformen 27. april 2024.
Det er stor uro i alle avdelingane blant dei tilsette, trass i at vi har fått grundig kursing og verkeleg gjort ein innsats for å setje oss inn systemet. Vi er resignerte og gruar oss for sommaren og månadane vi har framfor oss.
Det ligg sjukepleiestillingar ute utan ein einaste søkar.
Bemanninga er på eit marginalt nivå delvis grunna høgt sjukefråvær, og utfordringane med å dekke vakter spesielt i sommar, er alvorleg på enkelte avdelingar. Systemet er tungvint og lite intuitivt, som igjen utløyser usikkerheit blant dei tilsette, og frykta for å gjere feil er stor. Det er tidkrevjande og krevjer meir personell på vaktene. Dette i ei tid der mangelen på helsepersonell er stor på nasjonalt nivå. Sidan vi er einaste region i heile landet som skal bruke HP, er det også meir utfordrande å få tak i sommarvikarar. Dette ser vi konturane av allereie. Det er utfordrande å rekruttere, og det ligg sjukepleiestillingar ute utan ein einaste søkar.
Uforsvarleg arbeidsmiljø
Det er forventa at Helse Møre og Romsdal (HMR) skal være ferdig med innføringsperioden etter fire veker, og i normal drift over sommaren. St Olavs har auka drifta i 2023 og nærmar seg normal drift 18 månadar etter innføringa. Arbeidstilsynets rapport frå åtte klinikkar ved St Olavs i januar -24 hadde alvorlege funn som viste til eit uforsvarleg arbeidsmiljø. HP fører framleis til at arbeidsoppgåver tek lenger tid, informasjon «forsvinn» i systemet, og det er vanskelig å fange opp feil. Det er brudd på arbeidstidsbestemmelsar og overtidsbestemmelsar, og dei tilsette er slitne og usikre. Dette fører til utfordringar i samarbeidet og konfrontrasjonar mellom yrkesgruppene, og høgt sjukefråvær. Dette altså 14 månadar etter innføringa.
Då er det betimeleg å spørje seg kva verkelegheitsforståing dei som har bestemt dette innehar med tanke på innføringsplanen i HMR.
Kva no?
Frykta er no at vi skal «go live» 27.04.24 i HMR, grunna det er brukt altfor mykje pengar og ressursar på opplæring og feilrettingar til at det kan stoppast. Og millionane fortsett berre å strøyme ut.
I november 2023 konkluderte eit samla styre i HMR med å utsetje innføringa med grunnlag i forsvarleg drift og truga pasienttryggleik. Total overkøyring av styret i Helse Midt-Norge ei snau veke etterpå, har ført til at heile HMR har hatt redusert drift, med alt helsepersonell på kursing, hospitering og eigentrening, i fire månader. Drifta ved Volda sjukehus har derfor vore på eit lågnivå, og konsekvensen er lengre ventelister på all poliklinikk og planlagte operasjonar for pasientane våre.
Kva har dette kosta? Kva ressursar må gå tapt framover for å betale rekninga? Og alle pasientane som er sjukmeldt og har fått utsett viktige konsultasjonar og operasjonane sine: Kven skal hjelpe dei og når?
Tillit på botnnivå
HP øydelegg arbeidsmiljøet, knuser økonomien, og rammar pasientane våre. Offentlege rapportar om HP frå instansar som Helsetilsynet, Riksrevisjonen, Arbeidstilsynet og Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet underbygger dette. Ein kan derfor stille seg undrande til at Helseplattformen AS har fått utsett det stedelige tilsynet frå Datatilsynet til ETTER innføringa i HMR. Er ikkje resultatet også her av betydning for forsvarleg drift og ivareta pasienttryggleiken ved innføringa i HMR?
Kva har endra seg sidan styremøtet i november 2023 bortsett frå alle ressursar og pengar som er brukt kurs og opplæring? Kor mange av dei 140 sjukepleiarane og 100 legane som vi treng frå St Olavs for forsvarleg drift og ivareta pasienttryggleiken i innføringsperioden er på plass? Korleis tenker ein å løyse personalmangelen etter dei fire innføringsvekene, for ei trygg ferieavvikling i sommar utan at det resulterer i eit uforsvarleg arbeidsmiljø og alvorlege feil?
Tilliten til styret i Helse Midt-Norge har nådd eit botnnivå, og den sitjande regjeringa har hendene fulle med gamle ugyldige masteroppgåver. Tilliten til at Helseplattformen vert eit godt arbeidsverktøy, har svinna hen for kvar feilretting og nye feil som har oppstått, nedslåande resultat i offentlege rapportar og framleis store utfordringar for dei tilsette på St Olavs etter 18 månadars bruk.
Alt kviler no på styret i Helse Møre og Romsdal.
Ingen oppgitte interessekonflikter
Tillitsvalgte NSF ved Volda sjukehus:
Ragnhild Brautaset, NSF, Jordmorforbundet, Fødeavdelinga
Linda Oline Dimmestøl, NSF, Operasjon
Heidi Myklebust, NSF, Anestesi
Carina I. N. Nupen, NSF, Akuttmottak
Susann Rafteseth, NSF, Ambulant seksjon
Ingvild S Hjertvik, NSF, Kirurgisk/Gynekologisk poliklinikk
Guro B Standal, NSF, Kirurgisk/Ortopedisk sengepost
Ingrid M Hovden, NSF, Medisinsk sengepost
Wiviann Jensen, NSF, Intensiv
Helene Kleppe, NSF, Medisinsk poliklinikk
Erlend Høydalsvik, NSF, DPS døgnseksjon