Ja til ei betre teneste
Pakkeforløp kan gi ei betre teneste for personar med psykiske utfordringar. Vi kan ikkje gå mot eit slikt forslag om å betre helsetenesta.
Denne artikkelen er mer enn fem år gammel.
Eva Biringer, forskar i Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Fonna HF og leiar i European Pathway Association
Miriam Hartveit, PhD-stipendiat i Seksjon for forsking og innovasjon, Helse Fonna
I DAGENS MEDISIN (19/2015) ber Sigrid Ramdal i Norsk forening for psykisk helsearbeid om at helse- og omsorgsminister Bent Høie trekker forslaget om pakkeforløp.
Poenget med å lage pakkeforløp, er i størst muleg grad å sikre at brukaren får tilbod om det han skal ha ifølge gjeldande forskingsbaserte retningsliner og beste praksis. Helsetenesta er i dag svært kompleks med mange aktørar involverte (1,2). Dette betyr at den enkelte som jobbar i tenesta, har ei lang rekke ting ho må hugse på å tilby brukaren når det gjeld behandling, hjelp, tiltak som skal støtte den enkelte, inkludert å samhandle med andre aktørar som er inne i bildet, for eksempel ved utskriving fra distriktspsykiatrisk senter (DPS).
EI HUGSELISTE. Det er påvist stor risiko for at brukarar ikkje får det dei har krav på [3]. Mellom anna er det risiko for at tilsette i helsetenesta ikkje tilrettelegg tilstrekkeleg for at brukaren får medverke i viktige beslutningar.
Enkelt sagt er eit «pakkeforløp» ei «hugseliste» å gå ut fra for å gi brukaren eit minimum av det han har krav på etter retningsliner og lovverk (4–6). Det er ein systematisk måte for å sikre at alle får eit godt nok tilbod. Brukarmedverknad skal sikrast både på system- og individnivå: Brukarrepresentantar skal vere med i utforminga av standarden, og standarden må innehalde krav til involvering av brukar i utforminga og gjennomføringa av helsetenesta.
TILPASSA BEHANDLING. Det er i dag svært mykje som bør forbetrast i psykisk helsevern, særleg når det gjeld koordineringa av tilbod kring enkelte, ut fra hans behov. Stadig vekk er det tiltak som «glippar» eller blir gløymde på anna vis, eller ting tar for lang tid (3). «Pakkeforløp» inneheld krav til hjelparen, ikkje til brukaren, om å gjere visse ting som bør gjerast innan ei viss tid.
Pakkeforløp har bakgrunn innan kvalitetsforbetringsfaget. Omgrepet pakkeforløp er riktig nok uheldig, men om vi legg til grunn at forbetringsinnsatsen er tilpassa brukarane sine behov, kan ei slik satsing gi betre persontilpassa behandling.
GODT FORSLAG. Vi er enige med Sigrid Ramdal i at «Den enkeltes særskilte behov skulle vektlegges og pasienter og pårørende skulle få større innflytelse over tjenestene». Men ut fra kjennskapet vårt til kva «pakkeforløp» kan vere, meiner vi det blir feil å angripe eit slik tiltak på denne måten.
Vi meiner at pakkeforløp kan gi ei betre teneste for personar med psykiske utfordringar. Vi kan ikkje gå mot eit slikt forslag om å betre helsetenesta. Derimot må vi utnytte sjansen til å sikre reell brukarmedverknad i utforminga av «pakkeforløpa».
Ingen oppgitte interessekonflikter
Referanser:
1) Ahgren, B., Dissolving the Patient Bermuda Triangle. International Journal of Care Pathways, 2010. 14(4): p. 137-141.
2) Thomas, P., et al., Community-oriented integrated care and health promotion - views from the street. London Journal of Primary Care (Abingdon), 2015. 7(5): p. 83-88.
3) Biringer, E. and M. Hartveit, A future for pathways in mental health care in Norway: a discussion paper based on El-Ghorr et al. (2010). International Journal of Care Pathways, 2011. 15(1): p. 18-20.
4) De Bleser, L., et al., Defining pathways. Journal of Nursing Management, 2006. 14(7): p. 553-563.
5) Deneckere, S., et al., Care pathways lead to better teamwork: Results of a systematic review. Social Science & Medicine, 2012. 75(2): p. 264-268.
6) Rotter, T., et al., Clinical pathways: effects on professional practice, patient outcomes, length of stay and hospital costs (Review). The Cochrane Library, 2010(3).
Kronikk og debatt, Dagens Medisin 21/2015